Vil kjøpe folk ut av helsekøane

Sjukelønsutvalet vil bruke over 600 millionar kroner på å kjøpe folk ut av helsekøane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: sxc.hu)(Foto: sxc.hu)

(NPK): Dei som står i kø for operasjon skal på den måten kome seg raskare tilbake i jobb. Det vil særleg gjelde fysiske plager som kan ordnast enkelt med ein operasjon.

I dag kjem Sjukelønsutvalet med tiltakspakken som skal få ned sjukefråværet og utgiftene til sjukepengar. Eitt av tiltaka går altså ut på å kjøpe arbeidstakarar ut av helsekøane.

Etter det NRK kjenner til, skal i alt 604 millionar kroner brukes på kjøp av helse- og rehabiliteringstenester. Ordninga skal finansierast ved at ein reduserer den såkalla seniorrabatten for arbeidsgivarane.

I dag betalar arbeidsgivarane lågare arbeidsgivaravgift for tilsette over 62 år, men med den nye ordninga må dei betale meir. Det vil gi ei meirinntekt til staten på rundt 699 millionar kroner. (NPK)

Personvernpolicy