Uføretrygd er smittsamt

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det ser ut som om det veks fram lokalmiljø der talet på uføretrygda aukar fordi så mange andre får uføretrygd, seier førsteamanuensis Mari Rege ved Universitetet i Stavanger til Dagens Næringsliv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Analysane viser at dersom 50 personar i ein kommune med 5.000 blir uføretrygda, vil ytterlegare 25 personar bli trygda dei næraste åra som ein rein smitteeffekt.

Rege meiner det er tre forklaringar på at dette skjer. For det første kan sosial aksept for trygd bli større når fleire går på trygd. For det andre kan det vere meir attraktivt å vere trygda når så mange i omgangskrinsen også har fri på formiddagen. Dessutan er det enklare å skaffe seg kunnskap om korleis ein skal gå fram for å få trygd når ein kjenner nokon som har vore gjennom denne prosessen.

Statistikk frå Arbeids- og velferdsforvaltinga viser at 11 prosent av befolkninga er uføretrygda. Det er store geografiske skilnader.
Flest uføre er det i Ballangen i Norland, Ibestad i Troms og Åmli i Aust-Agder, alle med over 20 prosent uføre mellom 18 og 67 år.

Færrast uføre er det på St. Hanshaugen i Oslo, Hemsedal i Buskerud og Utsira i Rogaland, alle tre med under 5 prosent uføre. (NPK)