Nye salmar til fest og høgtid

Salmekunsten er ikkje død. Over hundre nye salmar kom inn til ei tevling om salmar til fest og høgtid.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Vinnarane av salmetevlinga. Frå venstre: Odd Goksøyr, Andreas Bjåstad, Elisabeth Moldestad, Stein Skøyeneie og Emil Skartveit. (Foto: Nynorsk kultursentrum)Vinnarane av salmetevlinga. Frå venstre: Odd Goksøyr, Andreas Bjåstad, Elisabeth Moldestad, Stein Skøyeneie og Emil Skartveit. (Foto: Nynorsk kultursentrum)

Vinnaren vart ein dåpssalme, «Du er Guds barn, nett no», med tekst av Emil Skartveit og melodi av Stein Skøyeneie.

Salmar til høgtid og fest


Bakgrunnen for tevlinga, som Nynorsk kultursentrum i Ørsta har stått for, var eit ynskje om å få fleire nynorske salmar til høgtider som dåp, bryllaup og konfirmasjon.

Og med så mange nye salmar å velja i, burde det vera råd å finna noko til dei fleste høve.

Andreplassen i salmetevlinga gjekk til ein bryllaupssalme. (Foto: vest-telemark.museum.no)Andreplassen i salmetevlinga gjekk til ein bryllaupssalme. (Foto: vest-telemark.museum.no)


Bryllaup og dåp


Andreprisen i tevlinga gjekk til ein brylllaupssalme, «Å, måtte denne dagen». Andreas Bjåstad har skrive teksten og Odd Goksøyr melodien.

Tredjeplassen gjekk også til ein dåpssalme, «Eit vakkert lite menneske» av Elisabeth Moldestad, tonsett av Ragnar Bull.

Fagjury


Leiar for juryen har vore forfattar og teolog Oskar Stein Bjørlykke. Med seg i juryen har han hatt musikar og komponist Henning Sommerro, prost Evy Kvamsdal og Valgerd Svarstad Haugland.

Original og enkel vinnar


Juryen skriv om vinnarsalmen: «teksten i denne salmen har originalitet samtidig som han i beste forstand er enkel og tydeleg. Det blir bygt opp bilete som det er lett å identifisere seg med. Det er ein flott dynamikk i salmen, med skaparverk, frelse ved dåpen, og liv i kyrkjelyden som tre stadium.»

Og her er vinnarteksten:

Vinnaren var ein salme til bruk ved barnedåpen. (Foto: tysnes.kommune.no)Vinnaren var ein salme til bruk ved barnedåpen. (Foto: tysnes.kommune.no)


Du er Guds barn nett no
eit glimt av skaparverket
så underfullt å skode
Du er eit barn av Gud nett no.

Du er Guds barn nett no
Med vatnet på ditt hovud
og krossen på di panne
Du er eit barn av Gud nett no.

Du er Guds barn nett no
Me lyfter deg mot himmelen
og ber din engel vakte
Du er eit barn av Gud nett no.

Røynd songforfattar


Tekstforfattar Emil Skartveit (42) er frå Stavanger, men bur no i Oslo der han arbeidar som kyrkjelydsforvaltar i Skøyen kirke. Skartveit har skrive julesongar for born og vaksne, barnegospel, julespelet «Den store julefortellingen» (2002) og korverket «Mysteriet - refleksjoner over Kristi fødsel» (2006).

Nynorsk frå heile landet


Dei mange innsende salmane til tevlinga viser at den nynorske salmetradisjonen står sterkt, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding. Dette biletet blir forsterka av at det kom inn nynorsksalmar frå alle delar av landet, også frå diktarar med bokmål som hovudmål.

Salmetevlinga var støtta av Norsk kulturråd.

Kjelde/les meir om salmetevlinga:


ABC Startsida:


Personvernpolicy