Foreslår røysting på Internett

I framtida kan det bli mogleg å stemma på politiske parti via Internett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Odin)(Foto: Odin)

(NPK): Kommunalminister Åslaug Haga ynskjer å innføra prøveordningar med elektronisk røysting.

Eit utval leia av valforskar Bernt Aardal har i to år sett på fordelar og ulemper ved stemmegjeving og ny teknologi. - Ei av dei største utfordringane ved internett-stemming er å ivareta kravet om hemmeleg val, seier Åslaug Haga, til NRK.

I første omgang tenkjer ho seg prøveordningar med elektronisk røysting i samband med skuleval og rådgjevande folkerøystingar.

Sjølv om det er mange utfordringar å ta stilling til når det gjeld styring og kontroll, trur kommunalministeren at elektronisk røysting kan vera vegen å gå for å få fleire unge til å bruka røysteretten sin. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy