Norske dialektar forsvinn
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Tromsø (ANB): Det er språkforskar Arne Torp som seier til Nationen at han er pessimistisk med tanke på dialektane si framtid, spesielt dei ein finn i dalføra på Austlandet.
- Dei er ferdige. Dativ og flertallsbøying av verb går i grava med dei som er vaksne eller eldre i dag, seier Torp til avisa.
Det fins likevel unntak, for gudbrandsdalsdialekten kjem til å leve vidare, meiner han. Årsaka er at unge i området ikkje legg dialekten sin like tett opp mot Oslo-målet som mange andre stader.
Om to generasjonar vil heile Austlandet snakke Oslo-mål, mens heile Trøndelag kjem til å nærme seg Trondheim-dialekten, meiner forskaren. (ANB)