- Gi bort ei geit i julegåve

Humanitære hjelpeorganisasjonar går stadig nye vegar for å samle inn pengar. Denne jula kan du kjøpe ei geit til den som har alt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Oslo (NTB): Eller kva med ein flokk kyllingar, ei vasspumpe eller ein symaskin? Gåvene som tilbys i nettbutikken til Kirkens Nødhjelp som blei lansert denne veka, er kun av symbolsk karakter.

Mottakaren får nemlig inga geit, men eit gåvekort, skriv Vårt Land.

- Dette er ei konkretisering av kva ei pengegåve kan bety for forbetring av fattigfolk sine levekår, seier generalsekretær Atle Sommerfeldt i Kirkens Nødhjelp.

Prisane varierer frå under hundrelappen (kyllingflokk) til rundt tusenlappen (vasspumpe).

Ideen er henta frå utlandet, der bistandsorganisasjonar har hatt suksess med denne forma for gåvehjelp. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy