Noregs beste kommune

Artikkelen fortsetter under annonsen

Full barnehagedekning, småjobbsentral for ungdom og aktivitetshus med blant anna rockeverkstad. Vågå er den beste kommunen å bu i for barn og ungdom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I går blei Vågå kommune i Oppland kåra til den beste barne- og ungdomskommunen i Noreg. Korleis greidde dei det? Og er det dei vaksne som seier det, eller har dei spurt barna som bur i Vågå?

Nord-Gudbrandsdalen har mykje fin natur å by på, til dømes Besseggen. Men for å ta vare på barn og unge trengs det meir enn natur og frisk luft. (Foto: Vågå Kommune)Nord-Gudbrandsdalen har mykje fin natur å by på, til dømes Besseggen. Men for å ta vare på barn og unge trengs det meir enn natur og frisk luft. (Foto: Vågå Kommune)

- Nøkkelen til suksessen er nettopp at vi tar med barn og unge på råd, fortel rådmann Tor Arne Gangsø til Neste Klikk. Han er svært stolt over utmerkinga.

Langsiktig satsing

Men å bli best i klassen som oppvekstkommune skjer ikkje utan innsats.

- Dette er eit resultat av ei langsiktig satsing på oppvekstvilkår, fortel rådmannen.

Høyrer på dei unge


Kommunen har også eit veldrive ungdomsråd og legg vekt på å høyre på barn og unge.

- Det er dei som er framtida vår, og vi vil jo at dei skal ha ei positiv oppleving av å bu her, slik at dei helst flyttar tilbake hit etter å ha forlate bygda for å ta utdanning. Vi får gode tilbakemeldingar frå ungdommane, seier Gangså nøgd.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ungdomsrådet i kommunen får alle sakspapira til kommunestyret, dei kjem med høyringsutsegner og har også høve til å møte på kommunestyremøta når det kjem opp saker dei vil engasjere seg i.

Viktig med vener


- Til dømes engasjerte ungdomsrådet seg sterkt då vi hadde oppe ei sak om skulestruktur. Det kom fram at for ungdommane er det viktigare å ha fleire vener å velje mellom på skulen, enn å ha kort skuleveg til ein liten grendeskule. Dette førde ikkje til at grendeskulane blei nedlagde, men vi fekk ein meir nyansert debatt, og politikarane måtte tenkje om igjen, fortel rådmannen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kommunen har og ein eigen ungdomsmedarbeidar, noko som er uvanleg for ein såpass liten kommune. Denne personen er kontaktperson for ungdommen, sekretær for ungdomsrådet, og har ansvar for allaktivitetshuset.

Internettkafé og diskotek


Allaktivitetshuset rommar ungdomsklubb, kulturskule, internettkafé, spelerom, rockeverkstad, diskotek, danselokale og hobbyverkstad.
- Huset er drive mykje på ungdommen sine premissar. Det var også ungdommane sjølve som pussa opp den gamle framhaldskolen, som vi bestemte oss for å lage aktivitetshus av i staden for å rive han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vågå er ein liten kommune med omlag 3700 innbyggjarar. Folketalet går ikkje akkurat opp, men Vågå har i alle fall den minste nedgangen i Nordgudbrandsdalsregionen. Den største utfordringa for kommunen er å skape arbeidsplassar.

- Å skaffe folk arbeid er arbeidsoppgåve nummer ein for oss framover. Det nyttar jo ikkje med barnehageplassar og ungdomsklubbar viss ikkje foreldra til barna har noko å leve av.

Men også på den fronten er det håp å spore i Vågå.

- ICA Norge flytta hovudkontoret sitt frå Sinsen i Oslo til Vågå. Og Folkekulturforbundet har også kome hit, lokka av stabil arbeidskraft, lågare arbeidsgivaravgift og lågare kostnader.

Ein viktig ressurs


Til andre kommunar som ikkje er like vellykka på barne- og ungdomsfronten, har Tor Arne Gangsø berre eit råd å gi. - Ein må tore å lytte til barn og ungdom. Dei evner å utfordre det etablerte systemet, og det er ein viktig ressurs for eitkvart samfunn.

Les meir på nettet

  • Meir om Vågå kommune her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving