Magisk medisin på nynorsk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Til neste år kan du lese Roald Dahl-klassikarane «Charlie og sjokoladefabrikken» og «Georgs magiske medisin» for borna dine på nynorsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


I år blir verdas einaste nynorske barnebokklubb, Blåmann, fem år.

Redaktør i Blåmann Barnebokklubb, Erle Stokke, er svært glad for at Roald Dahl sine klassiske bøker no blir omsett til nynorsk. (Foto: Hege Lothe)Redaktør i Blåmann Barnebokklubb, Erle Stokke, er svært glad for at Roald Dahl sine klassiske bøker no blir omsett til nynorsk. (Foto: Hege Lothe)

I samband med feiringa har redaktør Erle Stokke fått Gyldendal forlag til å gi ut to bestseljarar på nynorsk.


Ein nynorsk dytt


- Forlaga er nok i utgangspunktet positive til å gi ut klassikarane på nynorsk, seier ein svært nøgd redaktør til Neste Klikk. - Men dei treng gjerne ein ekstra dytt, og det at vi har ein salskanal gjennom Blåmann gjer det enklare å få det til.

Samlaget har gitt ut ein del gamle klassikarar som «Skatten på sjørøverøya» og «Den løyndomsfulle hagen» på nynorsk. Desse bøkene er det ingen som har rettane til i Noreg, og dermed kan kven som helst gi dei ut.

Bestseljaren Charlie og sjokoladefabrikken kjem på nynorsk til neste år. Her frå filmversjonen med Johnny Depp som Willy Wonka. (Foto: Sandrew Meteronome)Bestseljaren Charlie og sjokoladefabrikken kjem på nynorsk til neste år. Her frå filmversjonen med Johnny Depp som Willy Wonka. (Foto: Sandrew Meteronome)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Håpar på Astrid Lindgren


- Men når det gjeld forfattarar som Roald Dahl og Astrid Lindgren, er det dei forlaga som allereie har rettane som må stå for utgivinga, forklarer Stokke.

- No gir altså Gyldendal ut Roald Dahl-klassikarane, så håpar vi å få til at Damm følgjer etter med Astrid Lindgren etterkvart, seier Erle.

Det er den populære forfattaren Ragnar Hovland som skal stå for omsetjinga av Roald Dahl-bøkene. Det er Stokke ekstra nøgd med.

100 000 nynorskungar


- Det er viktig at ungar som brukar nynorsk får lese mest muleg på sitt eige språk, og at det finst eit breitt utval av bøker å velje i. Det er 100 000 ungar mellom 2 og 12 år som har nynorsk som hovudspråk, og dei fortener å få lese dei bøkene dei har lyst til å lese, på nynorsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Heile hausten har det vore jubileumskampanje i Blåmann. I dag feirar barnebokklubben bursdag med kake på Samlaget, og i kveld blir det markering for samarbeidspartnarar, nynorskingar og støttespelarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- I dag feirar vi at det er fem år sidan vi sende ut det første medlemsbladet. Men også neste helg blir det feiring, på familiedagen i Aasentunet. Då skal alle femåringane som kjem dit, få ei bok frå Blåmann.

Men kva bok som skal delast ut i Hovdebygda neste helg vil ho ikkje ut med. - Det er ei overrasking, men det blir nok ei Blåmannbok, seier Erle Stokke løyndsomsfullt.


Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving