Råtassmusikk frå Vamp

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vamp tar i bruk heile sitt musikalske repertoar når dei måler krefter med Kringkastingsorkesteret.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det nye live-albumet frå Vamp er eit opptak frå konserten som bandet heldt på Rockefeller saman med Kringkastingsorkesteret i fjor vår. Og låtane til bandet gjer seg godt i stort format.

Musikken til Vamp femner vidt: frå varsame, lågmælte og nedtona viser som «Tir n'a noir», «Savonarola» og «Våken drøm», til meir storslegne, høgstemde og drivande rytmiske låtar som «Månemann», «Sitte å tenke» og «Ingeborg» - som er som skapte for det ruvande lydbiletet eit symfoniorkester med sine messingblåsarar og talrike strykarar maktar å framkalle. Det må ha vore ei takksam oppgåve å arrangere eit slikt mangslunge materiale for orkester.

Styggfine stemmer og gode tekstar


Vokalist Vidar Johnsen og tidlegare vokalist Jan Ingvar Toft har stemmer som er barske og rå nok til å kle heile det symfoniske lydbiletet. Den styggfine og smått rustne stemma til sistnemnde gjer seg forunderleg godt på dei meir stillfarne visene, som «13 humler» og «Savonarola», og dannar ein spennande kontrast til dei nesten altfor vakre melodilinjene. Den «uslepne» stemma gir låtane kvassare kantar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei av årsakene til at Vamp er så anerkjende, er dei gode og meiningsfylte tekstane som følgjer musikken deira. Tekstar av den store lyrikaren Kolbein Falkeid, men også Arnt Birkedal, Bjørn Kallevig og Ingvar Hovland er meint å skulle lyttast til. Sorgmuntre linjer om barndommens sommar og minner om tapt kjærleik, vidar seg ut og rommar eksistensielle sanningar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Storslageren «Tir n'a noir» avsluttar konserten, og Rita Eriksen er sjølvsagt med som gjesterartist. Som det høver seg for eit live-album, er reaksjonane til publikum ein viktig ingrediens: her høyrer ein både jubel og trampeklapp, særleg etter dette siste nummeret. Slikt skapar god konsertstemning heime i stova.

Norsk musikk på listetoppen


Det går svært godt for norsk musikk for tida. Førre veke låg det nordmenn på heile sju av dei ti øvste plassane på VG-lista Topp 40, inkludert Vamp på tiande plass. Plata deira sel altså allereie svært bra, men det skulle også berre mangle, når dei serverer så feiande flott musikk som dette!


7. november reiser Vamp på turné med Kringkastingsorkesteret. Sjå konsertoversikt her.

Låtar:


Kim du nå va?
Fuglane vett
Månemannen
Savonarola
Tilståelse
13 humler
Lindehålsma'en
Sitte å tenke
Våken drøm
Det e derfor eg synge
Denne uro
Under jordå
Ingeborg
Svin på skogen
Tir n'a noir