Lærte Sonja offside-reglane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjell Magne Bondevik gav dronning Sonja to leksjonar i offside-reglane. Men kong Harald trudde ikkje det nytta.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bondevik freista å lære Dronning Sonja offside-reglane. Her fotografert i samband med lanseringa av haustlista til Aschehoug Forlag tidlegare i haust. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)Bondevik freista å lære Dronning Sonja offside-reglane. Her fotografert i samband med lanseringa av haustlista til Aschehoug Forlag tidlegare i haust. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)

Oslo (ANB): I sjølvbiografien sin fortel Bondevik at han og dronninga begynte å prate om fotball då dei sat til bords saman under ein middag. Dronning Sonja innrømte då at ho hadde problem med å forstå reglane for offside.

Bondevik teikna og forklarte på eit papir som dronninga tok med seg. Då dei ved eit seinare høve møttes att fortalte Dronninga at ho hadde gløymt Bondevik si forklaring.

«Hun fant igjen fram papir og penn, og jeg tegnet og forklarte på nytt. For ikke å glemme anledningen, ville hun ha forklaringen signert og datert», fortel Bondevik i boka. Nokre dagar seinare traff han kong Harald og fortalte han at dronninga hadde fått to offside-leksjonar.

- Det tror jeg ikke hjelper, humra Kongen då, skriv Bondevik. (ANB)