Vil endre på LO-regel for å gi Valla attval

Artikkelen fortsetter under annonsen

Leiaren av Norsk Tjenestemannslag vil endre aldersgrensa i LO, slik at LO-leiar Gerd-Liv Valla kan sitje i fire ekstra år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: LO)(Foto: LO)

Oslo(NTB): Ifølgje LOs eigne reglar kan ikkje leiarar veljast etter at dei er 60 år. Derfor skal LO-leiar Gerd-Liv Valla (58) etter planen gå av i 2009.

Men nå vil NTL-leiar Turid Lilleheie oppheve regelen for å opne for fire nye år med Valla.

- Det viktigaste er at vi får den beste LO-leiaren. Valla har gjort ein veldig god jobb, og eg meiner ho bør få halde fram viss ho sjølv vil, seier Lilleheie til VG.

Ho meiner at Valla «har bygd si eiga og LO si makt til monalege høgder», men legg til at Valla ved første høve bør gå ut av sentralstyret i Arbeidarpartiet.

NTL innleier landsmøtet sitt i Folkets Hus i Oslo måndag føremiddag. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving