Endeleg stovereint å vere tysk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Under fotball-VM i Tyskland i sommar såg heile verda i gjennomsnitt fire kampar på TV. Og etter VM er endeleg den tyske nasjonalkjensla friskmeldt, meiner tysk forskar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jürgen Klinsmann sin elleville gledesdans under fotball-VM i sommar har hatt mykje å seie for den tyske sjølvkjensla, meiner tysk forskar. (Foto: Wikipedia)Jürgen Klinsmann sin elleville gledesdans under fotball-VM i sommar har hatt mykje å seie for den tyske sjølvkjensla, meiner tysk forskar. (Foto: Wikipedia)

Tyskarane har ikkje som andre nasjonar hatt lov til å vere stolte av landet og kulturen sin etter den andre verdskrigen. Det har nærmast vore umogleg å kome med spontane gledesytringar over å vere tysk.

Men no, etter fotball-VM i sommar, er det endeleg lov til å vere stolt av å vere tysk igjen, meiner førsteamanuensis Stefan Krankenhagen ved NTNU i Trondheim.


Gladfotball og gledesdans


Særleg den tyske fotballtrenaren Jürgen Klinsmann får mykje av æra for å ha «reinvaska» nasjonalkjensla til tyskarane.

Både gjennom å få det tyske landslaget til å spele kreativ og spanande «gladfotball», og gjennom sin eigen elleville gledesdans på sidelinja, har Klinsmann gjort det å vere tysk til eit bilete på noko positivt, meiner Krankenhagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Demokratisk


- Vener og kjende karakteriserer meisterskapen som ein seks veker lang, samanhengande gledesfest, seier Krankenhagen til

Forskning.no

.
- Ein kunne vere stolt med god grunn, og utan å skjule det.

Krankenhagen meiner også andre faktorar, som det nye Holocaust-minnesmerket i Berlin, har vore viktig på vegen mot den tyske nye og stolte sjølvkjensla.

- Men fotballen er svært viktig som meiningsskapande symbol, meiner han, og peikar på at kvar einaste verdsborgar i snitt fekk med seg heile fire VM-kampar i sommar.

- For mange er fotballen det som gir meining i kvardagen, seier Krankenhagen.


Kjelde:


Les meir om sport i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving