Terrorsamtalar kan ha vore ransplanlegging

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet innrømmer at delar av det dei trudde var terrorsamtalar mellom norsk-pakistanaren Arfan Bhatti og ein nordmann eigentleg var ransplanar mot ein Bunnpris-butikk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): Samtalen mellom Bhatti og nordmannen under ein biltur i ambassadestrøket er det viktigaste beviset Politiets sikkerheitsteneste (PST) har lagt fram mot dei terrorsikta til nå.

Politiet erkjenner nå at delar av samtalen faktisk handlar om planar om å rane ein Bunnprisbutikk på Skillebekk i Oslo, skriv VG.

Det har båe dei to terrorsikta forklart i politiavhøyra. Nyleg skal dei og ha fått støtte for forklaringa si av ein nær ven av Nokas-tiltalte David Toska, som skal ha oppsøkt PST og forklart at han hadde kjennskap til desse ransplananane.

Ifølgje VG skal likevel politiet framleis meine at dei to på same køyretur også la planar for korleis dei skulle sprengje den amerikanske og israelske ambassaden i Oslo. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving