Fiskarbåt truleg gått ned

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein britisk fiskarbåt med eit mannskap på fire er truleg gått ned utanfor kysten av Rogaland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hovudredningssentralen på Sola fanga opp naudsignal frå fiskarbåten i går kveld, melder NRK. Båten var då i nærleiken av Ula-feltet nord for Ekofisk.

Redningsmannskap har leita etter båten i heile natt. Dei fann ei tom redningsflåte og naudpeilesendaren i natt. Båten skal ha ei redningsflåte til. Det er full storm i området og bølgjene har hatt ei høgd på opp til ti meter.

Leitinga etter dei fire britane held fram utover dagen.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving