Krev karakterar for språklege minoritetar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Språkrådet ber om karakterar i norskopplæring for språklege minoritetar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): - Det er uheldig at faget grunnleggjande norsk for språklege minoritetar ikkje skal vurderast med karakterar, skriv Språkrådet i ei høyringsfråsegn til Utdanningsdirektoratet.

Språkrådet meiner at det er viktig for elevane at dei kan dokumentere norskkunnskapar i arbeidslivet seinare. Den vanlegaste måten å dokumentere dette på, er å vise vitnemål med karakterar etter eit system som arbeidslivet kjenner. I dag blir all obligatorisk undervisning på ungdomstrinnet vurdert med karakterar. Det blir skapt ein uheldig situasjon for ei heil elevgruppe dersom denne elevgruppa går ut av grunnskulen utan dokumentert ferdigheitsnivå i norsk.

Språkrådet seier vidare at det er viktig for «språksamfunnet, elevane og legitimiteten til faget at norskopplæringa for språklege minoritetar skjer systematisk». Skulekvardagen er slik i dag at karaktergjeving er med på å sikre systematikk i opplæringa, skriv Språkrådet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving