Mystisk sjøfunn på Vestlandet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit mystisk funn i Matrefjorden utanfor Rosendal i Kvinnherad skaper hovudbry for forskarane. Kan det vera tale om eit nytt dyr eller ein ny art?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det var undervassfotograf Erling Svensen frå Eigersund som oppdaga den ukjende skapningen, fortel universitetsavisa På Høyden.

- Ein stor ball


Undervassfotografen karakteriserer den ukjende skapningen som ein stor ball, og seier til NRK Hordaland at det kjendest ut som å klemma på ein ballong. Fagfolk ved Universitetet i Bergen prøver no å finna ut av kva det mystiske funnet kan vera.

Institutt for biologi har mellom anna omtalt funnet i interbladet sitt og oppmodar folk til å koma med tips som kan hjelpa til med å oppklara funnet. Insituttet skriv at den ballforma gjenstanden er laga av eit tangaktig materiale, er ein halv meter i diameter, hol innvendig og kan minna om ein manet utvendig.

To alternativ


- Dette er ei morosam sak, og vi er framleis på jakt, seier førsteamanuensis Torleiv Brattegard ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen. Han meiner det er to alternativ som peikar seg ut. Det kan enten vera ein art som er kjend andre stader, men oppdaga i Noreg for fyrste gong, eller det kan dreia seg om ein heilt ny art som ingen nokon gong har høyrt om. (NPK)