Ber skulane stumpa røyken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Helseminister Sylvia Brustad og kunnskapsminister Øystein Djupedal ynskjer å leggja ned forbod med røyking på alle vidaregåande skular.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): - Ungdom har skulen som sin arbeidsplass og det er ikkje tillate å selja tobakk til ungdom under 18 år. Skulen er difor ein viktig arena å gjera tobakksfri, seier dei to statsrådane i eit brev til alle fylkeskommunane i landet, melder Vårt Land.

Mange vidaregåande skular har alt innført eit slikt forbod, men i seks fylke er det framleis lov for elevar på vidaregåande å røykja. No ber dei statsrådane om at også Akershus, Vest-Agder, Telemark, Oslo og Sogn og Fjordane gjer skulane røykfrie.

Helseministeren og kunnskapsministeren meiner dette vil forsterka ein god trend. Nye tal frå ungdomsskuletrinnet at røyking blant ungdom mellom 13 og 15 år i perioden 2000 til 2006 er halvert.

- Ei opplæring utan tobakk vil vera med på å hindra press til å bruka tobakk, redusera rekrutteringa av nye tobakksbrukarar og redusera forbruket, meiner Brustad og Djupedal. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving