Statskyrkje eller ikkje

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om fem veker skal alle kommunane, kyrkja og andre høyringsinstansar ha sagt sitt om korleis forholdet mellom staten og kyrkja skal vere i framtida. Du kan og meine noko om det.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forholdet mellom den norske staten og Den norske kyrkja er oppe til debatt. Innan 1. desember skal alle ha fått sagt sitt.Forholdet mellom den norske staten og Den norske kyrkja er oppe til debatt. Innan 1. desember skal alle ha fått sagt sitt.

Gjønnesutvalet avga si innstilling til kultur- og kyrkjeminister Trond Giske (Ap) i januar i år, og fleirtalet i utvalet meiner at statskyrkjeordninga slik me kjenner ho i dag, må opphøyre.

Ministeren sjølv har sagt han vil vente med å konludere til alle høyringane er inne. Partiet hans er og framleis
i tenkjeboksen.

Departementet spør, du svarar


Spørsmåla som kommunane og dei andre høyringsinstansane skal meine noko om, er formulerte i eit spørjeskjema, og er ganske konkrete.

Mellom anna skal ein svare på kven som skal ha ansvaret for gravferder, korleis kyrkja skal finansierast og kven som skal eige kyrkjebygga.

Samstundes har kultur- og kyrkjedepartementet lagt ut eit tilsvarande spørjeskjema på nettet. Alle som ønskjer det kan svare her, og svara blir summert opp i ein statistikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Statistikken frå denne undersøkinga vil ikkje telje med i høyringa. Bakgrunnen for spørjeundersøkinga er at kultur- og kyrkeministeren ønskjer eit breidt folkeleg engasjement om statskyrkjeordninga, opplyser Siv Haugan i kultur- og kyrkjedepartementet til Neste Klikk.

- Undersøkinga vil ikkje vere representativ, men ho kan bli interessant likevel, fordi ho kan gi gode indikasjonar på kva folk er opptekne av undervegs og skape auka engasjement kring stat-kyrkje-debatten.

Flest for avvikling


Per i dag syner statistikken at:

  • 8 056 personar har svart på spørsmåla.

  • 60,38% av desse meiner at statskyrkjeordninga bør avviklast.

  • 38,62% meiner ordninga bør halde fram.

Heile statistikken finn du her.

Også du kan delta i denne spørjinga. Det er berre muleg å svare ein gong frå kvar pc.

Meir:

Meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving