Gravide held fram med røykinga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nye tal viser at over halvparten av gravide som røykjer ikkje kuttar ut røyken i svangerskapet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Både kvinnene og helsepersonell må ta meir ansvar, forlanger ekspertar. Den ferske statistikken frå Medisinsk fødselsregister viser at 13,6 prosent av gravide i Noreg røykjer dagleg når svangerskapet startar, og 3,1 prosent røykjer av og til først i graviditeten.

Ved slutten av svangerskapet røykjer 9,8 prosent, enten dagleg eller av og til, skriv Dagbladet.

- Erfaringsmessig veit vi at svært få startar røykinga under svangerskapet, slik at dei som røykjer på slutten er kvinner som har røykt også frå starten, seier overlege Kari Klungsøyr ved registeret. Ho meiner at helsepersonell må ta meir ansvar for informasjon om risikoen.

- Det er viktig at dei som har svangerskapsomsorg følgjer opp kvinnene som røykjer under heile svangerskapet, og tek det opp ved kvar kontroll, seier Klungsøyr.

Røyking under svangerskapet aukar risikoen for fosterdød, krubbedød, komplikasjonar ved fødselen, låg fødselsvekt, psykiske lidingar som ADHD, og overvekt hos barnet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving