Kjempepanel mot global oppvarming

Artikkelen fortsetter under annonsen

I kampen mot global oppvarming har Australia tenkt å lage verdas største solkraftverk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Australske styresmakter har løyvd 75 millionar dollar, eller drygt 400 millionar norske kroner, i tilskot til bygginga av eit solkraftverk i staten Victoria.

Anlegget skal ha ein styrke på 154 megawatt og vil koste 420 millionar australske dollar å byggje. Beløpet svarar til 2,3 milliardar norske kroner.

Eit solkraftverk nyttar strålene frå sola til å produsere energi. (Illustrasjon: osha.gov)Eit solkraftverk nyttar strålene frå sola til å produsere energi. (Illustrasjon: osha.gov)

Solkraftverket skal produsere energi gjennom store spegl-panel som fangar opp strålane frå sola. Kraftverket vil bli det største i verda av sitt slag.

Miljøpakke


I tillegg til å gje tilskot til solkraftverket, har styresmaktene også lova å bidra med 50 millionar dollar til eit prosjekt som skal redusere karbonutslepp frå ein eksisterande kol-fyrt kraftstasjon i Victoria. Dette prosjektet skal koste totalt 360 millionar dollar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Australske styresmakter har denne veka varsla at dei vil bruke til saman 500 millionar dollar for å førebyggje global oppvarming, og at desse to prosjekta berre er ein del av ei heil miljøpakke.

Ikkje imponerte


Naturvernarane er ikkje vidare imponerte over Australia sine planar. Ein talsmann for Greenpeace, Danny Kennedy, seier ifølgje Mainichi Daily News at den varsla miljøpakka truleg berre er ein strategi for å dysse ned uroa kring klimaendringane før valet til neste år.

- Dette er eit tynt forsøk på å dekkje over kva det er Australia eigentleg må gjere, nemleg å slutte å produsere og bruke forureinande kolkraft.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nei til Kyoto


Også andre miljøverngrupper har sagt at Australia må strekkje seg lenger enn dette for å heve seg over stempelet som ein av verdas verste forureinarar.

Australia har, til liks med USA, ikkje skrive under Kyoto-avtala. I staden har dei gått inn i eit miljøsamarbeid med Kina, Japan, India og Sør Korea. Denne partnarskapen har som mål å finne ny teknologi som kan redusere utsleppa av CO2 og andre gassar som øydelegg atmosfæra.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Solkraftverk:

I Noreg finst det fleire solkraftverk. Det største av dei ligg på taket av Forskningsparken i Oslo. Dette kraftverket kan produsere mellom 17 000 og 18 000 kWt i året. Det er nok energi til ein einebustad.

Det finst mange typar kraftproduksjon: Vindkraft, vasskraft, atomkraft, kolkraft, solkraft, bølgjekraft og geotermisk kraft (frå jordvarme). (Kjelder: Bellona, osha.gov)

Fleire miljøsaker i Neste klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving