Matvarekrise i Afghanistan
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
I sommar varsla Afghanistan omverda om at fleire millionar menneske stod i fare for å svelte etter at mange avlingar vart øydelagde som følgje av tørka i landet.
Afghanistan bad om 76 millionar dollar til å avhjelpe situasjonen. Til no har berre halvparten av pengane kome inn.
Krig og opium
No er det ifølgje FN og Afghanistan trong for enno 40 millionar dollar. Kampane mellom NATO-leia troppar og talibanske opprørsstyrkjer i det sørlege Afghanistan får skulda for matvaremangelen, melder BBC.
I tillegg blir det dyrka stadig meir opiumsvalmuar, noko som går på kostnad av matproduksjonen.
Undersøkingar frå 66 landsbyar syner at bøndene som bur i dei verst belasta områda har tapt heile avlingane sine.
Siste om Afghanistan i Neste Klikk:
- Noreg kan miste tillit i NATO
- Stoltenberg ville sende 150 spesialsoldater
NUPI-ekspert: - Burde sagt ja til NATO
Norge sender ikke spesialstyrker til Afghanistan nå