Eineståande fallosfunn på Hedmark

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein eineståande steinfallos er oppdaga i eit gardstun på Hamar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den mosegrodde fallosen har stått som pynt i eit blomsterbed på garden i mange år, og no har ein arkeolog oppdaga at pynten var ein steinfallos frå 600-talet.

- I alt er det funne 60 slike steinar i heile Noreg, og på det indre Austlandet er det svært sjeldan å finne slike, seier fylkesarkeolog Øystein Lia til NRK Hedmark og Oppland.

Fallosen er ein mosegrodd stein med tydeleg fallosform - 35 centimeter lang og 15 centimeter i diameter.

- Vi knyter gjerne fallosane til ritual. Forfedrane våre la smør eller blod frå dyr i skålgroper, for rik forplantning blant folk og for god grøde. Det var viktig for å overleva som folk og samfunn for 1.500 til 1.000 år sidan, seier Lia. (NPK)