Mange bryt arbeidsmiljølova

Artikkelen fortsetter under annonsen

500 norske bedrifter som har lærlingar og unge arbeidstakarar bryt arbeidsmiljølova.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det kjem fram av ei kartlegging som Arbeidstilsynet har gjort på 1300 arbeidsplassar med unge tilsette.

Manglande arbeidskontraktar, mangel på verneombod og brot på sikringskrav var dei vanlegaste brota Arbeidstilsynet avdekte.

Knut Elkjær har vore leiar for kartlegginga i Oslo. Han ser spesielt alvorleg på sikringsbrota.

- Dersom lærlingar ikkje har fått opplæring i bruk av farleg arbeidsutstyr, er det lett å tenkja seg kva som kan skje, seier Elkjær.

Linn Gros er prosjektleder for kartlegginga. Ho seier til NRK at det har vore for lite fokus på unge arbeidstakarar fordi dei i stor grad pådreg seg mindre alvorlege skadar.

- Men dersom du mister to fingrar i ein sommarjobb, så er det ein permanent skade du må leva med. Det same dersom du får nedsett hørsel og øyresus, kanskje fordi du ikkje visste at du skulle bruke hørselsvern. Sjølv om du ikkje døyr av slike skadar, er dei alvorleg nok for dei det vedkjem. Det er ikkje slik arbeidslivet bør møte unge arbeidstakarar, seier Gros. (NPK)