Bali-bombarar lauslatne før tida

Artikkelen fortsetter under annonsen

To av gjerningsmennene bak Bali-bombinga for fire år sidan blir lauslatne i dag. Lauslatinga skjer i samband med at den islamske fasten er omme.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein av dei to gjerningsmennene, Sorjoul Munir, vart dømd til fem års fengsel for å ha halde ein av hovudmennene bak sjølvmordsbombinga skjult. Munir skal i dag lauslatast frå fengselet i East Kalimantan, nesten eitt år før tida, melder Sydney Morning Herald. Den andre som blir lauslaten, er ikkje namngitt. Han har sete fengsla på Bali.

Ytterlegare ti personar som blei dømde for medverknad til bombinga vil få straffa si redusert.

Indonesia har tradisjon for å nytte nasjonale merkedagar til å gje straffereduksjon til fangar som har synt god åtferd. Straffa blir ofte redusert med fleire månader.

Store tap


202 menneske omkom då to bomber vart utløyste i og utanfor to nattklubbar på Kuta-stranda på Bali 12. oktober 2002. I tillegg vart over 200 menneske skadde som følgje av bombinga. Flesteparten av dei som omkom var vestlege turistar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei tredje bombe som gjekk av utanfor det amerikanske konsulatet gjorde berre mindre skadar.

Tidlegare i år vart også andre gjerningsmenn etter Balibombinga sleppte fri før tida: Den muslimske leiaren Abu Bakar Bashir vart lauslaten i juni, medan ein ikkje namngitt person vart lauslaten i august. Fleire andre har dessutan fått redusert straffa si med fleire månader.

- Patetisk


Avgjerda om frigjevinga i dag er venta å hisse opp Australia og dei andre landa som mista innbyggjarar i bombinga, og ikkje minst familie og vener av dei som omkom.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein av dei overlevande, Peter Hughes, uttalar til Sydney Morning Herald at Indonesia sin politikk om lauslating før tida vert opplevd som eit slag i andletet på dei som overlevde og dei etterlatne etter dei som omkom.
- Det er faktisk ei påskjønning for ugjerninga til terroristane, og det er patetisk, seier Hughes.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjelder: Sydney Morning Herald , BBC , VG , Asia News

I alt 33 menneske vart fengsla etter Balibombinga i 2002. Av desse fekk tre menn dødsstraff og tre fekk livsvarig fengsel. Ingen av desse seks kan vente å få omgjort eller redusert straffa si.

Hovudmannen bak Bali-bombinga, Azahari bin Husin, skal óg ha stått bak dei fire bombene som gjekk av på Bali i oktober i fjor og bombinga av Marriot Hotell i Jakarta i 2003.

Bin Husin omkom under eit politiraid i Indonesia i november i fjor.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving