23 arrestert med 400 kg hasj

Artikkelen fortsetter under annonsen

23 menn er sikta i det som politiet meiner kan vere den største narkotikasaka i Noreg nokosinne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): 21 kilo heroin og 400 kilo hasj, i tillegg til fleire kilo andre narkotiske pulverstoff, er beslaglagt i saka.

- Det er grunn til å tru at dette nettverket er ein viktig leverandør, seier politiadvokat Marit Formo i Kripos til Aftenposten.

Kripos står bak opprullinga saman med fleire politidistrikt, tollvesenet og politiet i Nederland og Belgia. Etterforskinga har pågått sidan februar, og vart forsterka etter at beredskapstroppen 8. juni slo til mot ein lastebil med 11 kilo heroin og 200 kilo hasj på E6 ved Jessheim i Akershus.

15 av de sikta er arrestert i Noreg og seks i utlandet, medan to menn framleis er på frifot og er etterlyst internasjonalt. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving