Politikarar innrømmer svart arbeid

Artikkelen fortsetter under annonsen

43 av 169 stortingspolitikarar innrømmer at dei har betalt for svart arbeid eller fått svart betaling.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Skattemoralen blant landets fremste menn og kvinner er altså ikkje stort likare i Noreg enn i Sverige.

Fleirtalet av dei som innrømmer svart arbeid, tilhøyrer Framstegspartiet, ifølgje tal VG har henta inn.

Heile 18 av dei som gir opp å ha betalt svart eller teke imot svart betaling, er frå Frp. Men det står ikkje stort likare til i Ap. 14 representantar fra Arbeidarpartiet, seks frå Høgre, tre frå SV, ein frå Sp og ein frå Venstre seier at dei har gitt eller fått svart betaling.

Tidlegare miljøvernminister Børge Brende frå Høgre er ein av dei som står fram med si «svarte» skattesynd i VG. Han fortel at han har betalt svart for vaskehjelp, målartenester og dagmamma.

- Eg synest det er frykteleg pinleg, det er flaut. Men dette skjedde før eg vart valt inn på Stortinget, eg var ung og umoden på det tidspunktet, seier Brende.

117 stortingsrepresentantar seier at dei verken har kjøpt svart arbeid eller arbeidd svart, medan fem politikarar nektar å svare. Fire av dei fem er frå Frp. Mellom desse er Stortingets visepresident Carl I. Hagen.

Fire stortingsrepresentantar var ikkje å få tak i då VG ville snakke med dei. (NPK)