- Hizbollah brukte også klasevåpen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Israel var ikkje aleine om å bruke klasevåpen under krigen i Libanon. Hizbollah avfyrte ved fleire høve slik ammunisjon mot sivile område i Nord-Israel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

FN-ingeniørar uskadeleggjer rakettar og granatar i Sør-Libanon. (Foto: REUTERS/Haidar Hawila/SCANPIX)FN-ingeniørar uskadeleggjer rakettar og granatar i Sør-Libanon. (Foto: REUTERS/Haidar Hawila/SCANPIX)

New York (NTB): Det går fram av ein rapport frå

Human Rights Watch

, der det blir dokumentert at Hizbollah ved minst to høve nytta slike våpen.

Ifølgje rapporten skaut Hizbollah to kinesisk-produserte 122mm rakettar mot den israelske landsbyen Mghar 25. juli.

Raketten, som går under namnet Type-81, skal aldri tidlegare ha vore brukt, verken i Midtausten eller andre stader i verda.

- Det var med uro vi oppdaga at ikkje berre Israel men også Hizbollah brukte klaseammunisjon i den siste konflikten, i ei tid då mange land tar avstand frå slike våpen, nettopp fordi dei rammar sivilbefolkninga så hardt, seier Steve Goose som leier våpenprogrammet i Human Rights Watch.

- Bruk av klaseammunisjon i område med sivilbefolkning kan aldri rettferdiggjerast fordi slik ammunisjon er upresis og upåliteleg, seier Goose. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving