Mange på trygd utan diagnose

Artikkelen fortsetter under annonsen

Meir enn kvar tredje uføretrygda har muskel- og skjelettplager utan at det er mogleg å påvise spesifikke lidingar eller medisinske funn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Ei undersøking som blir publisert i siste nummer av Tidsskrift for Den norske lægeforening, har sett på helsetilstanden til 200 personar som har søkt uføretrygd på grunn av muskel- og skjelettplager.

Funn viser at søkjarane hadde høg grad av sjølvopplevd helse- og funksjonssvikt. Dei hadde store helseplager og samansett funksjonssvikt som smerte, låg fysisk yteevne, uheldig livsstil og sosioøkonomiske belastningar. Objektive medisinske funn er det sjeldan ein kan påvise.

Gjennomsnittleg alder for uføretrygd i den undersøkte gruppa var 55 år. 64 prosent var kvinner, om lag ein firedel var frå ikkje-vestlege land.

To av tre søkjarar hadde mindre enn 13 års skolegang, og 55 prosent hadde vore i eit serviceyrke. 59 prosent av dei undersøkte dreiv aldri nokon form for fysisk aktivitet. Nesten en firedel var overvektige.

Det siste tiåret har det vore ein jamn auke i talet på uføretrygda. Ved utgangen av 2005 var det til saman 319.691 uføretrygda her i landet. Dei med muskel- og skjelettplager som hovuddiagnose utgjer om lag ein tredel av desse. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving