- Noreg kan miste tillit i NATO

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noreg kan miste tillit blant dei andre NATO- landa og gjere samarbeidet i alliansen dårlegare, meiner NUPI-forskar Ståle Ulriksen etter Afghanistan-vedtaket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Utanriks- og forsvarsministeren gjorde det i går klart at Noreg førebels ikkje vil sende spesialstyrkar til Sør- Afghanistan, slik NATO har bede om.

- Ingen vil samarbeide med nokon dei ikkje er sikre på vil stille opp når det gjeld, seier Ulriksen til NRK.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Anne-Grete Strøm- Erichsen må forklare seg for den utvida utanrikskomiteen. Møtet skjer torsdag.

Det er opposisjonspartia som har kravd eit hastemøte etter at regjeringa tysdag sa nei til å sende norske soldatar til Sør-Afghanistan.

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) ville sende 150 spesialsoldatar til Sør-Afghanistan, men vart pressa til å seie nei, skriv VG. Nei til NATO kom som eit resultat av det sviande nederlaget SV måtte tole i Mongstadsaka.

Ifølgje VG var det Kristin Halvorsen som sette foten ned. Dermed fekk gasskraftsaka direkte innverknad på vedtaket om å seie nei til NATO og spesialsoldatar til Sør-Afghanistan.

På same tid krev Ap og Sp at vedtaket ikkje er endeleg, og at regjeringa når som helst kan bestemme at Noreg likevel vil bidra. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving