Høgtideleg markering av nye statsborgarar

Artikkelen fortsetter under annonsen

No får nye statsborgarar høve til å markere overgangen til Noreg og love truskap til grunnlova.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statsborgarseremoniar og truskapsløfte er ikkje noko nytt i verdssamanheng. Her frå USA.Statsborgarseremoniar og truskapsløfte er ikkje noko nytt i verdssamanheng. Her frå USA.

Sundag 17. desember skal fylkesmann Svein Alsaker i Hordaland vere seremonimeister i Håkonshallen i Bergen, melder

Bergensavisen

. Han og fire andre fylkesmenn er plukka ut til å prøve ein ny seremoni for dei som har fått godkjend norsk statsborgarskap.

Frivillig ordning


Ordninga er frivillig, og til pilotprosjektet blir dei som har blitt nordmenn etter 1. september i år inviterte. I Hordaland dreier dette seg om om lag 40 personar, som alle får ta med seg fire gjester under seremonien.

Under høgtida blir det talar og kulturinnslag, og dei nye statsborgarane får overrekte ei praktbok om Noreg. Dessutan skal dei seie eit truskapsløfte med følgjande ordlyd:

«Som norsk statsborgar lovar eg truskap til mitt land Noreg og det norske samfunnet, og eg stør demokratiet og menneskerettane og vil respektere landets lovar.»

Truskapsløftet påfører ikkje deltakarane andre plikter enn dei alle andre norske statsborgarar har. Seremonien er eit tilbod for dei som ønskjer å markere at dei no er norske, og eit høve for staten til å ønskje dei velkomne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Heile landet


Frå 2007 blir det statsborgarskap-seremoniar i alle dei 19 fylka i landet. Høgtidene skal etter planen gå føre seg i mai og oktober kvart år.

For å få godkjend norsk statsborgarskap må ein ha opphaldsløyve, hatt lovleg opphald i Noreg i sju av dei ti siste åra, og god vandel. Meir om krava til statsborgarskap finn du hos

UDI

.



Kjelder:

Meir om statsborgarskap i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving