Dum og lekker søkjemotor

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ny og artig søkjemotor, eller berre utidig mas og idiotisk stereotypi? Ms Dewey svarar på det du spør om, men ho er meir vakker enn klok.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Eg skal vere ærleg og medgje at eg ikkje er heilt sikker på kva Ms Dewey er for noko. Er ho eit seriøst forsøk på å skape ein slags estetisk tiltalande søkjemotor, eller er det eit eller anna reklamejippo?

Ms Dewey både svarar og peikar. Svara er tidvis underhaldande, men mest masete.Ms Dewey både svarar og peikar. Svara er tidvis underhaldande, men mest masete.


Masete kvinnfolk


La oss no anta at Ms Dewey er ein søkjemotor. I så fall så er det tilsynelatande sørgjelege saker. Ms Dewey er riktig fin å sjå på, men svarar tregt og uinspirert når eg spør om hjelp.

Eg søkjer etter meg sjølv, saker frå norsk politikk og andre ting eg ønskjer å vite noko om, men det går sakte og det eg får opp er uoversiktleg og lite spennande.

Dessutan er det slik at viss eg ikkje snakkar med ho jamleg, så blir Ms Dewey masete og tyt i bakgrunnen: «Hello, anyone there? Type something here». Heldigvis er det mute-knapp på ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På tallause oppmodingar


Ein mannleg kollega som får eit glimt av Ms Dewey, synest óg at tenesta verkar ganske uinteressant. Han spør typisk nok i forbifarta:
- Ho kler vel ikkje av seg, heller?

Gjer ho det? Eg skriv «undress» i søkjefeltet, og sjå, no får eg respons. Ms Dewey faldar armane over brystet, ser utfordrande på meg og svarar «you first». Eg tek ikkje utfordringa. Men då eg oppmodar Ms Dewey om at ho skal syngje og danse, får eg ein viss respons. På eit tidspunkt fortel ho til og med ein vits.

Keisame greier


It-avisen har og treft på Ms Dewey, og dei meiner ho er ein del av ein reklamekampanje for Microsoft Live.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eigentleg speler det lita rolle. Ms Dewey er morosam og spennande i nøyaktig fem sekund, så blir det heile berre dumt og uinteressant. Ms Dewey står for alt det eg meiner at både søkjemotorar og kvinner

ikkje

skal vere.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og sidan eg er lite begeistra for reklame, vil eg i alle fall ikkje hive bort tida mi på å vurdere kva reklame dette kan vere og kva det skal leie til.

Dessverre, Ms Dewey, eg bryr meg ikkje om deg. Kan hende det hadde stilt seg annleis viss eg hadde vore mann, eller lesbisk, eller usedvanleg lite kritisk til kva eg nyttar tida mi til.

Pratesjuke og mastete søkjemotorar er i alle fall ikkje noko for meg.

Siste nettnytt i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving