- USA vil ha amnesti for irakiske opprørarar

Artikkelen fortsetter under annonsen

USA vil at irakiske styresmakter skal gi amnesti til opprørarane i landet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

USA meiner irakiske opprørarar no må få tilbod om amnesti. (Foto: REUTERS/Helmiy al-Azawi/SCANPIX) USA meiner irakiske opprørarar no må få tilbod om amnesti. (Foto: REUTERS/Helmiy al-Azawi/SCANPIX)

London (NTB): Det skriv den britiske avisa Financial Times, som viser til høgtståande amerikanske tenestemenn.

Bush-administrasjonen har lagt press på statsminister Nouri al-Maliki og den irakiske regjeringa, for å få dei til å utstede eit «omfattande» og «smerteleg» amnesti for opprørarane, seier ei kjelde til avisa.

Krigen i Irak har kosta president George W. Bush dyrt og situasjonen i landet ser ut til å gå frå vondt til verre.

Av frykt for full borgarkrig har Bush-administrasjonen innsett at det må gjerast meir for å blidgjere den sunnimuslimske minoriteten i Irak, skriv Financial Times.

Iraks nye sjiamuslimske makthavararar misliker presset frå Washington, og Bush måtte tidlegare i veka roe ned statsminister Nouri al-Maliki.
(©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving