Stress kan føre til Alzheimers

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre korte periodar med stress kan auke risikoen for å utvikle Alzheimers sjukdom kraftig.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Stress fører til rask auke i produksjonen av eit hjerneprotein som blir kopla til sjukdommen. Det viser ein studie som er gjort ved Washington University.

Proteinet amyloid beta-peptid har også tidlegare vore kopla til utvikling av demens. No vart forskarane overraska over kor raskt mengdene av amyloid beta-peptid auka i hjernevæska hos mus som vart utsett for stress. Etter berre tre dagar auka mengda med så mykje som 42 prosent, skriv tidsskriftet New Scientist.

Forskarane ser funnet i samanheng med at ein tidlegare har sett at menneske med stressjukdommar som angst og depresjon, har større sjanse for å utvikle Alzheimers enn andre. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving