Elevar får spelegjeld på skulen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdom får spelegjeld etter å ha drive med nettgambling via datautstyret på skulen. Det er ein av fleire urolegmeldingar som Lotteritilsynet har fått frå skular over heile landet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): No har Lotteritilsynet skrive brev til alle ungdomsskulane i Noreg, der det blir oppmoda om at skulane blir gamblingfrie. Tilsynet håpar brevet vil føre til redusert nettilgang på skulane, samt ei medvitsgjering på kva farar som er potensielle gjennom nettspel.

- Spelar ein elev nettpoker på skulen, er vegen kort til meir omfattande nettspel, til dømes heime. Eg håpar verkeleg at skule-Noreg tek dette på alvor slik at vi får redusert talet på speleavhengige, seier rådgjevar Steinar Hatlestad til P4 Nyhetene. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving