Varslar stortingsmelding om innovasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen varslar ei eiga stortingsmelding om innovasjonspolitikk. Meldinga blir den første i sitt slag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Stortinget/Scanpix)(Foto: Stortinget/Scanpix)

Andersen håpar denne meldingsforma kan gjere stortingsmeldinga til eit pliktande og langsiktig politisk signal for å fremje nyskaping og innovasjon i Noreg.

- Sjølv om tilstanden i norsk økonomi per i dag er god, er det viktig å ikkje kvile på laurbæra våre. Vi må erkjenne at verda endrar seg. Norsk næringsliv må vere i konstant utvikling. Derfor er det viktig at vi startar arbeidet med ei stortingsmelding om innovasjon no, seier næringsministeren.

Meldinga skal ha ei brei tilnærming og skal mellom anna ta for seg forsking, utvikling og innovasjon - mellom anna innovasjon basert på regionale føremoner og i offentleg sektor; mangfald og integrering i næringslivet; framtidas politikk for tenestenæringene og for immaterielle retter. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving