Tjuvar med sleggje og skjærebrennar i Sogn og Fjordane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slo seg inn i banken på Byrkjelo.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Byrkjelo (NTB): Frekke tjuvar slo natt til tysdag til mot ein elektrobutikk i Byrkjelo i Sogn og Fjordane og prøvde å slå seg inn i banken som ligg vegg-i-vegg med forretninga.

I beste B-gjengstil slo tjuvane til mot elektrobutikken Nils Moldestad Elektro natt til tysdag. Ved å bore ut ein lås, har tjuvane teke seg inn i butikken der det mellom anna skal ha blitt brukt skjærebrennar til å opne eit pengeskap.

- Dei laga også hol inn til nabolokalet der Sparebanken Sogn og Fjordane held til, fortel operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt til Firda.

Tjuvane kom seg unna med seks flatskjermar og fleire bilstereo. Det var tysdag føremiddag uklårt om tjuvane hadde greidd å ta seg inn i banklokala. Etter spora på staden å døme, såg det ut til at ei sleggje var nytta for å slå hol i veggen. (©NTB)