Gromguten Odd tek folkesjela på kornet

Odd Nordstoga har ei eiga evne til å lage musikk som råkar nordmenn flest midt i hjarterota.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

For sitt førre album «Luring» frå 2004 vann han to spelemannsprisar, og plata selde i utrulege 160.000 eksemplar. Alt tyder på at suksesshistoria vil halde fram med nyutgivinga «Heim te mor».

Tempoet er skrudd opp eit par hakk sidan sist, og fleire av låtane på det nye albumet ligg nærare folkrock-sjangeren og den amerikanske roots-musikken enn den særnorske folkemusikktradisjonen. Særleg gjeld dette tittelsongen «Heim te mor». Her blir det tromma på bøtter og spann, det blir spela på trøorgel, tuba, bass, banjo og fløyte og Odd syng kjekt om spelemannen som «vil leva og ha kul / på fire hjul» men som samstundes lengtar heim til mor. Morssaknet i visa blir eit fint bilete på det stikket i hjarta som alle utflyttarar kjenner på ein gong i mellom: lengta etter heimbygda og familien, etter barndom og enklare tider; eit sakn som gjerne ligg i kroppen lenge etter at ein sjølv har blitt vaksen med eigne ungar og eigen heim.

Kaffislaberas og syttitalsvermeri


Når ein høyrer på visene til Nordstoga får ein lyst til å verte snill, til å stryke katten over pelsen, hjelpe naboen med trappevask og arrangere kaffislaberas med tjukkeslekta. For det er framfor alt familien og slektsbanda som dannar eit tematisk sentrum på plata og som tydelegvis har vore Nordstoga si største inspirasjonskjelde denne gongen. Familiesamværet blir skildra med mykje varme og ikkje så reint lite humor i «Femten songar på ein gong». Og kven har ikkje vore med på familieselskap der eit slikt sjarmerande kaos rår grunnen: med ungegrining, skrik og hyl, milde bestemorssmil, kjeftande mødre, høgrøysta fedre, skravlesjuke tanter og eit utal samtalar som flagrar over kaffibordet på ei og same tid; der det er heitt under taket og altfor mange heimelaga lefser og kaker og for mykje påfyll med kaffi; der det er gjalling og koppeskralling «og det ropar på far, men kven far då», og der ein stakkar kjenner han må ut ein tur «for ikkje kose meg i hel». Nordstoga får med det heile.

Eit liknande familievennleg scenario vert skildra på fotografia inni CD-coveret: Karane i bandet sit bunadskledde rundt eit pynta kakebord, medan ungane leikar rundt og mor til Odd smilande vartar opp med kaffi. Her osar det beintfram av syttitalsvermeri og idyll idyll.

Flotte tilskot til den norske visesongskatten


Nordstoga er kjend for å leike seg med ulike musikksjangrar, noko han også gjer på denne plata. Enkelte av songane, som «Vandringsvise» og «Singeling» fører tankane over på Geirr Lystrup og vestlandstrubadurar som Stanley Jacobsen og Olav Stedje. Men andre låtar på plata ligg meir på linje med nyare, norsk musikk, à la Hellbillies og Haugesundsbandet Vamp.

I den nedtona visa «Det som varer» høyrer ein folkemusikkrøtene til Nordstoga, her kling kvedinga med i bakgrunnen og songen kan minne om ein gammal, norsk folketone. Men leitinga etter moglege inspirasjonskjelder er i grunnen lite relevant, då det ikkje herskar noko tvil om at Nordstoga har eit genuint musikalsk uttrykk som berre er «hans». Mannen skriv svært vakre, lyriske tekstar og melodilinjer som innimellom rett og slett er nydelege. Songen «Dagane» må vere ei av dei vakraste kjærleiksvisene som nokon gong er skrive i norsk viselitteratur:

Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv
Og kvar dag den var av sølv,
for du gylte kvar ein augneblink med hugen fri
Og blenda var eg med på reisa di.


Visa er hjarteskjærande vakker og sentimental, men unngår å skli over i det tåredryppande eller søtladne. Nordstoga syng om truskap og slitesterke band mellom to som elskar kvarandre. Dei som vil lære kva kjærleiken eigentleg handlar om, kan trygt lytte til denne songen.

Til slutt må også den meir humoristiske sporet «Oppå himmelen» nemnast. Refrenget liknar mest av alt ein pastisj over den gode, gamle bedehussongen, der unge og gamle gaular med den stemma dei har. Her tar også felespelarane i det dei maktar, og spele- og songgleda er stor og boblande. For det er dyktige musikarar Nordstoga har med seg, det er heilt sikkert. Og saman har dei laga ein flott CD som vil varme mange frosne sjeler utover hausten.

Låtar:


Heim Te Mor
Frøken Franzen
Femten Songar På Ein Gong
Vandringsvise
Oppå Himmelen
Dagane
Vårsong
Singeling
Malene
Det Som Varer
Voggesong

Personvernpolicy