Sterk satsing på kultur

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den raudgrøne regjeringa legg opp til ei sterk satsing på kultursektoren neste år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Løyvingane til kulturføremål aukar med om lag 460 millionar kroner. Dette er ein auke på 7,9 prosent samanlikna med budsjettet for 2006. Til saman er framlegget til kulturbudsjett for 2007 på 7,1 milliardar kroner.

- Dette er eit historisk kulturløft. Aldri før har løyvingane til kunst- og kulturføremål auka så mykje som dei gjer i budsjettet for 2007, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Han meiner budsjettet er i rute når det gjeld å oppfylla Kulturløftet som dei tre raudgrøne partia lanserte ved handsaminga av Kulturmeldinga 2004. Målet for Kulturløftet er at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014.

Styrkinga av kulturbudsjettet medfører auka løyvingar til ei rekkje område og institusjonar. Mellom anna auka satsing på musikk, museum, kulturbygg og scenekunst.

Regjeringa legg også opp til ei styrking av Frifond for å stimulera det frivillige kulturlivet. Film, litteratur og biletkunst blir òg prioritert. Fleire tiltak som fremjar kulturelt mangfald får òg auka løyvingar neste år. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving