Tygg eitt tonn khat i veka

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tusen osloborgarar tygg det narkotiske stoffet khat jamleg, viser ein ny rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): Kvar veke blir det seld eitt tonn av stoffet khat i hovudstaden. Fleirtalet av brukarane er frå Somalia, viser ein rapport som Nova har laga for Sosial- og helsedirektoratet, melder NRK.

Leiar Ershad Ma Allin Mahamed i Somali Anti Khat International kjenner fleire av misbrukarane.

- Dei kan ikkje forsørgje verken seg sjølv eller familiane sine. Dei bruker alle pengane på khat, seier han.

Ein bunt av stoffet kostar rundt 200 kroner, og ein person bruker frå éin til fire buntar kvar gong han bruker stoffet. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving