Løgndetektor for politikarar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tenk deg at Jens Stoltenberg kjem med ei utsegn, og at du straks kan bruke nettet til å sjekke om opplysingane stemmer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politikarane må passe seg for Internett, meiner Eric Schmidt. (Foto: Google)Politikarane må passe seg for Internett, meiner Eric Schmidt. (Foto: Google)

Ein slags nettbasert løgndetektor er berre ei av tenestene som Google-sjef Eric Schmidt ser for seg at selskapet skal kunne levere.

Innan fem år


Han meiner at Google i løpet av fem år skal kunne levere ei teneste der faktiske opplysningar som politikarar seier, kan sjekkast opp mot historiske data.

Det er nok best at både Jens og andre politikarar held seg til sanninga framover. (Foto: ap.no)Det er nok best at både Jens og andre politikarar held seg til sanninga framover. (Foto: ap.no)

Sjefen for verdas mest brukte søkjemotor var i Storbritannia denne veka og møtte statsminister Tony Blair. Han tala også på landsmøtet til det konservative partiet.

- Politikarane forstår ikkje heilt rekkjevidda av Internett, sa Schmidt til Financial Times. Han meiner at uvissa delvis kan skuldast alderen på politikarane, og at dei lærer det dei kan om nettet frå barna sine.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Viktig for val


Ifølgje Eric Schmidt vil Internett få stor betydning for politiske val i framtida.

Schmidt skriv sjølv i avisa Sun at nettet har brote ned grensene mellom folk og informasjon, og bidreg til ein effektiv demokratiserande tilgang til kunnskap.

Så får vi sjå korleis det utviklar seg. Eit godt råd til politikarar er uansett å halde seg til sanninga.

Kjelde:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving