Siste kommune på nett

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle dei 431 kommunane i Noreg har no omsider fått seg nettsider. Den siste var klar i førre veke. Og no skal dei snart opp til eksamen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss du ønskjer å finne nettstaden til ein norsk kommune, kan du no berre skrive kommunennamnet og «kommune.no» og alltid kome fram.

Ordførar Reidar Johnsen i Hadsel kommune er stolt av nettstaden, sjølv om dei vart sist på nett. - Me ville ha kvalitet, seier han. (Foto: hadsel.kommune.no)Ordførar Reidar Johnsen i Hadsel kommune er stolt av nettstaden, sjølv om dei vart sist på nett. - Me ville ha kvalitet, seier han. (Foto: hadsel.kommune.no)

Halden kommune var først ut. Allereie i 1995 fekk kommunen eigne nettsider, og smått om senn har resten av kommune-Noreg følgt etter.

Hadsel.kommune.no opna i slutten av september i år, som sistemann ut i rekkja av kommunale nettstader.

Kvalitet først


Men korleis kunne det bli 2006 før Hadsel kom seg på nett? Ordførar Reidar Johnsen får svare:
- Me kunne nok fått oss nettside tidlegare, men då ville det blitt med ei dårlegare løysing enn den me har fått no. Det ville me rett og slett ikkje.

Hadsel kommune og Vestvågøy kommune har nemleg jobba saman om å utvikle fri programvare , eit arbeid kommunane fekk Høykom-midlar (statlege midlar til IKT og breibandsutvikling) til. Og slikt arbeid tar tid.
- Me påtok oss eit utviklingsarbeid som me ønskte å følgje heilt i mål.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Elektroniske søknader


Nordlandskommunen Hadsel sine heimesider var eigentleg så godt som klare før sommarferien, men kommunen valde å ikkje hoppe ut i det på eit så pass sårbart tidspunkt.
- Nei, me såg ikkje noko poeng i lansere ein nettstad i den tida kor dei som jobbar med nettutviklinga hadde ferie. Me ville heller nytte tida til litt ekstra kvalitetssikring og utsette lanseringa til hausten.

Sist torsdag vart hadsel.kommune.no offisielt opna for kommunestyret i Hadsel. Men framleis er ikkje nettstaden heilt ferdig.
- Dessverre manglar me ein siste bit, nemleg presentasjon av kommunen, med kart, innbyggjartal og slike ting.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nettstaden Noreg.no skal vurdere kvaliteten på 700 kommunale og statlege nettstader. Resultatet blir gjort offentleg 1. desember.Nettstaden Noreg.no skal vurdere kvaliteten på 700 kommunale og statlege nettstader. Resultatet blir gjort offentleg 1. desember.

Men det kjem, lovar ordføraren.

- Me er dessutan stolte av å ha ei god interaktiv teneste til innbyggjarane våre. Hjå oss kan du nemleg søkje om jobb, barnehageplass eller byggjeløyve elektronisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Heile Noreg skal vurderast


No ser Hadsel kommune med spenning fram til kva som skjer når Noreg.no skal kvalitetsvurdere alle offentlege norske nettstader. Det gjer dei kvart år, og kommunar og statlege etatar får karakterar basert på kor gode dei er på tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald, informasjon og tenester.

Resultatet av vurderinga skal leggjast fram på ein konferanse om kvalitet på norske nettstader som Noreg.no skal arrangere 1. desember.
- Eg trur me kjem godt ut av ei slik vurdering, seier ordføraren i Hadsel.

- Me har jobba så hardt med utviklinga av fri programvare og er så fornøgde med det me har fått til. Får me ikkje gode resultat i undersøkinga, vert me veldig skuffa.

Kvalitetsvurderinga frå Noreg.no har gått føre seg sidan 2001. I fjor kom Hasvik kommune i Finnmark best ut av det av alle kommunane. Dei fekk heile seks av seks moglege stjerner, medan opplandskommunen Gjøvik kom dårlegast ut med 24 av 100 poeng og berre ei stjerne.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving