Nynorsk litteratur i vestlandsnatur

Artikkelen fortsetter under annonsen

I november skal det for første gong arrangerast Nynorske Litteraturdagar i Aurland. Då blir det krimlitteratur på Flåmsbana og nynorsk gjendikting av Sting om kvelden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Humoristen Per Inge Torkelsen er ein av dei ein møter under Nynorske Litteraturdagar i Aurland i november. (Foto: Kulturkompaniet)Humoristen Per Inge Torkelsen er ein av dei ein møter under Nynorske Litteraturdagar i Aurland i november. (Foto: Kulturkompaniet)

Det tradisjonsrike Fretheim Hotel i Flåm blir hovudarena for litteraturdagane. Festivalen varar frå 3. - 5. november, og planen er at det skal bli ein årleg tradisjon.

Også andre lokalitetar, som stavkyrkjene i Borgund og Undredal, Nærøyfjorden og sjølvaste Flåmsbana blir tatt i bruk under festivalen.

Flåmsbana for vidarekomne


Viss du meiner at turen «Norway in a nutshell» med toget frå Myrdal til Flåm og båten til Bergen berre er for turistar, så kan det hende at du blir meir freista av «Litteraturtoget» på Flåmsbana. I vogn A kan du høyre krimlitteratur frå Kai Brekke og Rune Timberlid, mens vogn B har eit familieprogram med Jens Brekke, Atle Hansen og Roald Kaldestad. Heksa og heavykatten møter kvarandre på toget, så då er det berre å kome seg med.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På det rikhaldige programmet står mellom anna ein båttur på Nærøyfjorden. (Foto: stalheim.com)På det rikhaldige programmet står mellom anna ein båttur på Nærøyfjorden. (Foto: stalheim.com)

Innimellom kjende namn som Brit Bildøen, Per Inge Torkelsen, Ragnar Hovland og Erling Lægreid, dukkar elevar frå Aurland kulturskule opp med kulturinnslag.

Sting på nynorsk


Av musikalske høgdepunkt kan konserten med Kjell Inge Torgersen og ensemblet Te i Sahara nemnast. Dei har hausta gode kritikkar for plata «Aks av gull», med gjendiktingar til nynorsk av songane til den engelske artisten Sting. På laurdag stiller Ragnar Hovland og Atle Hansen opp saman med orkesteret «Blå Måne».

På sundag blir det nynorsk messe i Vangen kyrkje, med fokus på den nynorske song- og salmeskatten.

Les meir på nettet:

  • Heile programmet for Nynorske Litteraturdagar i Aurland finn du her

Les meir om litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving