75.000 i Mor– og barnundersøkinga

Målet om 100.000 gravide kvinner i Mor- og barnundersøkinga i 2008 ser ut til å vera innan rekkjevidde, melder Folkehelseinstituttet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): 75.000 gravide kvinner er med til no, og ein nøgd prosjektleder Per Magnus lover at innsatsen vil gje viktige forskingsresultat dei næraste åra.

Mor- og barnundersøkinga er landsdekkjande - 51 sjukehus og 12 privatpraktiserande spesialistar er med i rekrutteringa av deltakarar. Gravide kvinner og partnarane deira blir rekrutterte i samband med den første ultralydundersøkinga ved 17. svangerskapsveke.

Dei blir følgde under graviditeten, fødselen og i mange år framover via spørjeundersøkingar og biologiske prøver. Målet er å få meir kunnskap om årsaker til sjukdom hos barn og vaksne.

Interessa for undersøkinga er svært stor internasjonalt, og forskarar i Noreg har utstrekt samarbeid med forskarar blant anna i USA, Danmark og England.

- Eg synest det er fantastisk at vi no passerer 75 000 og nærmar oss målet om 100.000. Vi takkar alle som tek seg tid til å vera med på undersøkinga, seier Magnus. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus