Google ser deg

No er det ikkje lenger trygt å sole seg topplaus på terrassen. Før du anar det, kan bildet ditt bli fanga av Google Earth.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Å «google» nokon har blitt ei vanleg frase. For dei som enno ikkje har fått det med seg, tyder det å søkje på namnet til folk via søkjemotoren Google, med det føremål å kartleggje vedkommande.

Dette er tilsynelatande eit bilete av ei topplaus dame som ligg og solar seg. Dama skal ha blitt fanga opp av Google Earth. (Foto: googlesightseeing.com)Dette er tilsynelatande eit bilete av ei topplaus dame som ligg og solar seg. Dama skal ha blitt fanga opp av Google Earth. (Foto: googlesightseeing.com)

Kva tener naboen?


Du kan finne ut ganske mykje om meg, om naboen din, eller den komande ektefellen din ved å google. Om du i tillegg er oppfinnsam og nytter deg av andre tenester som er tilgjengelege for dei med datamaskin og breiband, er det ikkje lenger så mykje folk kan halde skjult for andre.

Gjennom skattelistene får du t.d. vite kva inntekt andre har, og du kan følgje med på om dei tener meir eller mindre etter som åra går. Der du før måtte gå på likningskontoret og hente skattelistene, eller kjøpe dei av det lokale idrettslaget, kan du no sitje i fred og ro - og i skjul - heime hos deg sjølv og slå opp alle du vil.

Hjå telefonkatalogen.no og liknande tenester kan du finne adresser og telefonnummer og du kan nytte karttenestene til Gule Sider for å finne ut nøyaktig kor den du søkjer bur. Om du ønskjer det, kan du kryssjekke adressa eller telefonnummeret for å finne ut om andre bur på same adresse, t.d ein sambuar eller ektefelle.

Karttenester kan nyttast til grensetvistar


For nokre månader sidan var eg på eit møte i heimkommunen min kor me blei sett inn i kva karttenester kommunen nyttar når dei skal behandle byggjesaker, drive arealplanlegging osb. Det var ganske spennande, og alle var einige om at det er så mykje lettare å ta stilling til ei sak når ein kan sjå eit verkeleg bilde av ein plass, i fugleperspektiv til og med, enn å berre sjå på ei kartutskrift.

Her bur eg. Førebels er bildekvaliteten på karttenesta såpass dårleg at du ikkje kan sjå meg.Her bur eg. Førebels er bildekvaliteten på karttenesta såpass dårleg at du ikkje kan sjå meg.

På desse nettstadene kan ein leggje inn gateadresse og kommunenummer og vips, så har ein full utsikt til seg sjølv, og ikkje minst til naboen.

- Ja, sa den eine saksbehandlaren. - No skal det nok bli mykje å sysselsetje seg med framover, no som gud og kvarmann kan sjekke opp grensene til naboeigedommen og vurdere dei opp mot det han trur nabo-bonden får i produksjonstilskot.

Det hadde me ikkje tenkt på. Men det er klart: Her er det fritt fram for alle som ønskjer å sjå om grensa mellom meg og deg går der ho skal gå, eller om eg snyt deg for noko som er ditt.

Viss eg vil, kan eg dessutan gå på kommunen sin nettstad og finne ut om naboen har fått byggjeløyve til garasjen sin, sjekke kor stor byggjeløyvet seier garasjen skal vere, gå inn på nettkartet og måle for å sjå om storleiken på bygget samsvarer med løyvet. Er det avvik, kan eg melde naboen min til kommunen.

Viss eg vil, altså.

Topplausbilde på Google Earth


Og det er det mange som vil. Statistikkar syner at aktiviteten på kommunen sine postlister på nett er svært høg på kvardagar mellom halv tolv og halv eitt. Det er omtrent på den tida folk flest har lunsjpause, og dermed også god tid til å surfe på nettet.

Google Earth er ei anna slags kartteneste som er open for alle. Her kan du reise verda rundt og sjå deg om ved hjelp av satelittbilde som vert oppdaterte med jamne mellomrom.

Ei topplaus dame som låg og sola seg på eit hustak ein plass i Nederland, skal ha blitt fanga inn av Google Earth. I alle fall gjekk denne historia nettet rundt i førre veke. I følgje historia skal eit nederlandsk fjernsynsselskap ha fatta interesse for dama og reist for å besøkje ho, men ikkje funne ho heime.

Historia er tynn, og det skulle ikkje overraske meg om den nakne google-dama berre var oppspinn og ei typisk avisand.

Poenget er likevel: Kan dette skje? Kva hender den dagen Google Earth byrjar å sende «live», eller den dagen du og eg blir fanga inn på bileta som blir brukte, utan at me er klar over det? Kven skal me i så fall klage til? Eg anar ikkje kven Google Earth er, har Datatilsynet noko myndighet over dei?

Med fridomen følgjer det ansvar


Eg er svært glad for at ordbøker, leksikon og andre typar databaser er gratis og tilgjengeleg for alle. Det er også flott at kommunen sine postlister er offentlege, så lenge folk faktisk forstår at brev dei sender til kommunen vert publiserte. Då har ein trass alt høve til sjølv å påverke kva informasjon som kjem ut.

Men så er det også noko som heiter å verne om privatlivets fred. Eg vil gjerne sitje ute på verandaen min og sole meg topplaus, klø meg bak, pirke meg i tennene og andre ting som ein gjerne gjer i sitt eige selskap, utan å bekymre meg for om eg blir lagt ut på nettet til spott og spe.

Det følgjer eit enormt personleg ansvar med digital fridom og ei open offentlegheit. Me skal ikkje seie nei takk til framtida, men no me i langt større grad byrje å oppdra oss sjølve og etterkommarane våre, for at ikkje éin fridom skal gå på bekostning av ein annan.

Tilsette i stat og kommune får opplæring og har eit lovverk å halde seg til når det gjeld offentleggjering. Sjølv om alle nordmenn er underlagd norske lovar, er det lite anna som regulerer oss når det gjeld Internett. Og Internett er ikkje underlagd norsk lov.

I nettverda må difor kvar einskild ta ansvar for eigen etikk og moral og stole på at også andre brukarar gjer dette. Men eit slikt ansvar er eg ærleg talt i tvil om me i dag er i stand til å takle.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus