Lula klarde ikkje å bli gjenvalt i første valrunde

Artikkelen fortsetter under annonsen

Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva klarde ikkje å bli gjenvalt i første valomgang søndag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva kjem for å stemme i Sao Bernardo do Campo utanfor storbyen São Paulo søndag. Lula såg lenge ut til å vere sikra gjenval allereie i den første valomgangen søndag, men anklagar om snusk har svekt stillinga hans og seint søndag blei det klart at det går mot ein andre valomgang 29. oktober. (Foto: Paulo Whitaker, SCANPIX/REUTERS)Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva kjem for å stemme i Sao Bernardo do Campo utanfor storbyen São Paulo søndag. Lula såg lenge ut til å vere sikra gjenval allereie i den første valomgangen søndag, men anklagar om snusk har svekt stillinga hans og seint søndag blei det klart at det går mot ein andre valomgang 29. oktober. (Foto: Paulo Whitaker, SCANPIX/REUTERS)

São Paulo (NTB-Reuters-AFP): Lula møter den sentrumsorienterte Geraldo Alckmin i ein andre valomgang 29. oktober, opplyser valdomstolen seint søndag kveld.

Kort tid tidlegare hadde ein av dei nære rådgivarane til president Lula opplyst at presidenten ikkje klarde å få over 50 prosent av stemmene, noko han trong for å unngå ein ny valomgang.

Det såg lenge ut til at den 60 år gamle tidlegare skopussaren og fagforeiningsaktivisten Lula skulle få over halvparten av stemmene allereie i første valomgang. Men ei korrupsjonsskandale rett før valet kan ha bremsa oppslutninga.

To meningsmålinger søndag tyda på at oppslutninga om Lula ville falle under 50 prosent.

For to veker sidan blei det avslørt at folk i kampanjen for gjenval av Lula hadde forsøkt å kjøpe opplysningar som kunne brukast til skittkasting mot Alckmin. Sentrum-høgrefløya var ikkje sein om å minne om at presidenten sine folk tidlegare er blitt anklaga for korrupsjon.
(©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving