Regjeringa bryt legeløfte

Etter å ha blitt lova nasjonal standard på legetenesta i sjukeheimstenesta, må kommunane likevel ta ansvaret.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: odin.dep.no)(Foto: odin.dep.no)

(NPK): Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad meiner dette er noko regjeringa har tenkt nøye gjennom og kome fram til at kvar enkelt kommune sjølv veit best kva behov dei har.

- Om vi hadde vedteke ei statleg norm, trur eg vi hadde vore på feil spor, seier ho.

Professor i geriatri Torgeir Bruun Wyller ved Ullevål universitetssjukehus meiner det er veldig trist at regjeringa no går vekk frå løfta i Soria Moria-avtalen.

- Det kunne vore eit mykje meir effektivt verkemiddel for å auke legeandelen, enn at kvar enkelt kommune skal fastsetje lokale standardar, seier han til Aftenposten.

Regjeringa har sett som mål å auke legeandelen med 50 prosent innan 2010. Av til saman 4200 legeårsverk, utgjer legeandelen i institusjonar 275 årsverk. Også Legeforeningen er skuffa.

- For å realisere ei auke på 50 prosent, trengst både ei nasjonal norm for legebemanning og ei auke i tilgjengelig tid med lege, seier president i legeforeininga Torunn Janbu.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus