Unni Løvlid årets artist

Artikkelen fortsetter under annonsen

Songaren Unni Løvlid frå Hornindal i Nordfjord vart i helga kåra til Årets Folkemusikkartist på Folkelarm i Oslo. 150 artistar og 150 bransjefolk frå heile Europa gjorde årets Folkelarm til eit svært

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Songaren Unni Løvlid frå Hornindal i Nordfjord vart i helga kåra til Årets Folkemusikkartist på Folkelarm i Oslo. (Foto: Geir Stokken, NPK)Songaren Unni Løvlid frå Hornindal i Nordfjord vart i helga kåra til Årets Folkemusikkartist på Folkelarm i Oslo. (Foto: Geir Stokken, NPK)

(NPK): Unni Løvlid er eksperimentell samtids- og folkemusikar som er aktiv i fleire musikalske sjangrar. No sist aktuell som solist i Draumkvedet av Arne Nordheim.

Folkelarm er tradisjonsmusikkens svar på By:larm og har etter berre to år vorte eit stort nordisk bransjetreff for folkemusikksektoren. Ein del av Folkelarm er ein "alternativ" spelemannspris for folkemusikken. Elles vart det avvikla nær 40 showcasekonsertar med profesjonelle utøvarar.

Arrangementet vart avvikla på Fabrikken i Oslo. Før neste års arrangement må arrangørane vurdere å flytte heile Folkelarm til ein større stad. Lokala i Fabrikken vart for små, og arrangøren måtte rett og slett stenge dørene laurdag kveld.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Folkelarmprisane (Norwegian Folk Music Award) vart delte ut laurdag.

I tillegg til kåringa av Unni Løvlid som Årets Folkemusikkartist, vart det delt ut prisar i seks ulike klassar. Dei andre prisvinnarane var:

Open klasse:


Abdulrahman Surizeki/Love songs and Trance Music from Balochistan (etnisk musikklubb)

Årets soloplate:


Anne Hytta/dag, kveld, natt

Årets nykomarplate


Annar By/Folk Gitar og Sang

Årets dokumentasjonsplate


Einar Løndal/Løndalsspel

Årets nyskapande/eksperimentelle plate:


Lars-Ante Kuhmunen/Birrasis

Årets gammaldans og tradisjonelle samspelplate:


Søndre Trondhjems Spellmannslag(NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving