Firefox på nynorsk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mozilla Firefox har kome med ein liten forsmak på den nyaste versjonen. No kan du mellom anna velje nynorsk som brukarspråk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I slutten av oktober kjem den nye versjonen av nettlesaren Firefox, som skal ha ei mengde nye funksjonar. Allereie no får du høve til å prøve den ut.

Val av nettlesar er veldig viktig for somme. Mange entusiastar sver til Firefox.Val av nettlesar er veldig viktig for somme. Mange entusiastar sver til Firefox.

Enkelt og ryddig


Mange Firefox-entusiastar sver til denne nettlesaren fordi den gjer det mogleg å opne fleire faneark innanfor ei side, slik at du ikkje treng ha så mange vindauge opne som i t.d. Internet Explorer.

Nytt for Firefox 2.0, er du kan trykkje på linkar på ei side, og så opnar den nye sida seg også i eit faneark, i staden for i eit nytt vindauge som tidlegare. Kvart faneark blir dessutan utstyrt med ein eigen lukkeknapp.

Tryggare mot svindel


Utvida søkjefunksjonar og høve til å redigere søkjemotorane er andre endringar som Firefox-brukarar kan glede seg over. Dessutan vil nettlesaren få utvida tryggleik for såkalla «phishing».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss du ikkje kjenner til omgrepet «phishing», så kan det forklarast slik: Du får ein e-post frå ein institusjon som tilsynelatande ser truverdig ut, t.d. frå banken din. Du blir beden om å verifisere personleg informasjon, som kontonummer, personnummer osb. E-posten sender deg då vidare til ei nettside som også ser tilforlateleg ut, men som berre er svindel.

I nye Firefox vil du bli åtvara når nettlesaren din trur du er på veg inn i slike mistenkjelege, forfalska nettsider.

Firefox på nynorsk spør deg om du vil «late att» fanene.Firefox på nynorsk spør deg om du vil «late att» fanene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje så trygg?


Nettopp dette med tryggleik er ein av grunnane til at mange vel å bruke Firefox framfor den meir kjende og meir brukte Microsoft Internet Explorer. Men no viser dessverre ein rapport at også Firefox har fleire alvorlege hol i tryggleiken.

No på nynorsk


For ihuga nynorskbrukarar er det god grunn til å glede seg, for no kan du velje nynorsk som brukarspråk i Firefox.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Der du før vart åtvara: «Du vil nå lukke 5 åpne faner», minner nye Firefox deg om at «Du vil no lata att 5 opne faner». Vidare kan du «handsame bokmerke», og «Vis» i menylinja heiter «Syn».

Ei undersøkjing IT-avisen viser til, fortel at Internet Explorer framleis har 80% av marknadsdelen i nettlesarverda, medan Firefox har 10%.


Meir i Neste Klikk:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving