Meny

Høyr graset gro

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I Sande i Vestfold planlegg dei Noregs første økologiske opplevingssenter.

Målet med Økolandia skal vere å få dei besøkjande til å skjøne kor sinnrikt naturen er innretta, og gje dei respekt for skaparverket.Målet med Økolandia skal vere å få dei besøkjande til å skjøne kor sinnrikt naturen er innretta, og gje dei respekt for skaparverket.

Ta på deg nokre sjeldsynte briller og sjå økologiske prosessar som normalt er usynlege for auga. Høyr plantane puste, kjenn rørslene til insekta, sjå fotosyntesa. Opplev ei utstilling med økologiske, komposterbare møblar. Slike og liknande opplevingar kan du få med deg om nokre år, om det økologiske opplevingssenteret Økolandia får vind i segla.

Nasjonalt pilotprosjekt


Styringsgruppa bak Økolandia tenkjer ambisiøst og tar sikte på å bli eit nasjonalt pilotprosjekt for å fremje økologisk produksjon og forbruk. Målet er å få dei besøkjande til å skjøne kor sinnrikt naturen er innretta, og lære dei respekt for skaparverket.

Innanfor ein køyreavstand på ein dryg time frå Sande bur det omlag 2 millionar menneske. Styringsgruppa for prosjektet Økolandia reknar med at parken skal kunne ta i mot vel 50 000 besøkjande i året.

- Senteret skal vere eit utstillingsvindauge for den framtidige ressursforvaltinga og fremje interessa for økologiske produkt både i Noreg og i resten av Skandinavia, seier prosjektleiar Roar Hansen til

Nasjonen

.


Suksess i Europa


Det finst liknande, suksessrike prosjekt andre stader i Europa, til dømes i

Eden

i Storbritannia.

Selskapet Hybris Film Vertigo har spesialkompetanse på prosjekt som dette, og meiner Økolandia kan gå rundt økonomisk.


Treng statsstønad


Forarbeidet med prosjektet har allereie fått støtte frå Innovasjon Norge, Vestfold fylkeskommune og BUTEVE (eit samarbeidsprosjekt mellom Buskerud, Vestfold og Telemark). Men skal det heile kome igang, er ein avhengig av ei monaleg statleg stønad.

Styringsgruppa har vore i fleire møte med Landbruks - og matdepartementet.

- Vi meiner det nye opplevingssenteret vil bidra til regjeringa sitt mål om eit forbruk og ein produksjon av økologiske varer på 15 prosent innan 2015, seier prosjektleiaren.

Kjelde:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Takk for at du abonnerer

Motta våre nyheter via Messenger

Jeg godtar brukvervilkårene
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus