Kvinneleg romturist vender heim

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kapselen med verdas første kvinnelege romturist, amerikansk-iranske Anousheh Ansari, har landa på ei slette i Kashakstan.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den amerikansk-iranske telekom-entrepenøren Anousheh Ansari har kome tilbake til jorda. Bildet er teke på oppskytingsbasen Baikonur i Kasakhstan 18. september. (Foto: Reuters/Shamil Zhumatov/SCANPIX)Den amerikansk-iranske telekom-entrepenøren Anousheh Ansari har kome tilbake til jorda. Bildet er teke på oppskytingsbasen Baikonur i Kasakhstan 18. september. (Foto: Reuters/Shamil Zhumatov/SCANPIX)

Moskva (NTB-Reuters): Kapselen var i god behald, men svartbrent etter møtet med jordas atmosfære, då han dumpa i bakken som planlagt i den nordlege delen av landet.

Fartøyet som frakta Ansari, den russiske kosmonauten Pavel Vinogradov og den amerikanske astronauten Jeff Williams, la ut frå Den internasjonale romstasjonen (ISS) natt til fredag norsk tid.

- Desse ti dagane har vore fantastiske for meg. Eg håpar eg vil vere i stand til å gjenta denne opplevinga ein gong til i nær framtid, sa Ansari (40) under ein avskjedsseremoni på romstasjonen.

Ein går ut frå at ho har betalt om lag 20 millionar dollar til den russiske romfartsorganisasjonen som betaling for utflukta.

Vinogradov og Williams har vore på romstasjonen i seks månader. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving